Neil Armstrong
Neil Alden Armstrong | |
---|---|
Nasjonalitet: | Amerikansk |
Status: | Pensjonert atronaut |
Født | 5. august 1930 Wapakoneta, Ohio, USA |
Død | 25. august 2012 |
Anna_arbeid | Testpilot |
Tid i verdsrommet | 8 dagar, 14 timar, 12 minuttar |
Utveljing | {{{Utveljing}}} |
Romferd(er) | Gemini 8 og Apollo 11 |
Ferdsemblem |
Neil Alden Armstrong (5. august 1930–25. august 2012)[1] var ein amerikansk testpilot og astronaut. Han er mest kjend for å ha vore det fyrste mennesket på månen, som fann stad den 20. juli 1969. Neil Armstrong sa då dei vidgjetne orda: «That's one small step for (a) man, one giant leap for mankind.» Omsett til norsk: «Det er eit lite steg for (eit) menneske, eit stort sprang for menneskja.»[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Han var jagarpilot under Koreakrigen for den amerikanske marinen. I 1962 blei han vald ut som astronaut av NASA. Han leia Gemini 8, som utførte det første vellukka møtet mellom to romskip i bane, i 1966. Seinare var han ekstramannskap for Gemini 11 og måneekspedisjonen Apollo 8. I 1969 vart han så leiar for månelandingsekspedisjonen med Apollo 11.[3]
Neil Armstrong har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Neil Armstrong er død». nrk.no. 25. august 2012.
- ↑ «Armstrong’s famous “one small step” quote -- explained». The Associated Press. 13. juli 2019. Henta 14. januar 2023.
- ↑ Sands, K. (10. juli 2019). «Biography of Neil Armstrong». NASA. Henta 14. januar 2023.