ASCII (American Standard Code for Information Interchange) er eit teiknsett, det vil seie ein standard for utveksling av tekst mellom datamaskinar.
ASCII nyttar 7 bit til kodar som gjer det mogleg å kode 128 ulike verdiar.
95 av desse er tilordna store og små bokstavar i det engelske alfabetet (A-Z), tala 0-9 og ein del andre ofte brukte teikn.
Resten av kodane er ymse spesialkodar for regulering av flyt, linjeskift og anna.
ASCII er i ferd med å bli erstatta av Unicode, eit teiknsett som har rom for over éin million teikn.
ASCII-teiknsettet nyttar berre 7 bitar til teikninformasjon, og har dermed bere plass til teikn. Ein ekstra bit kan nyttast som paritetsbit for å sjekke for feil.
Utvida ASCII er ei nemning for teiknsett som er koda med åtte eller fleire bitar og som er tufta på sjubitars ASCII. Det finst fleire ulike variantar av teiknsett som har plass til meir enn 128 teikn. Dei mest vanlege standardane er ISO 8859 og Unicode.