Innlandsis er ein isbre som dekkjer eit stort område og er så tjukk at topografien i underlaget ikkje viser igjen på overflata.
Dei største innlandsisane dekkjer Grønland og Det antarktiske kontinentet, og dei største målte istjuknene er høvesvis 3200 og 4700 meter.
Under siste istid var Skandinavia og store delar av Nord-Europa og Nord-Amerika dekt av innlandsisar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.