UTC
US Pacific Standard Time | UT -8 |
US Mountain Standard Time | UT -7 |
US Central Standard Time | UT -6< |
US Eastern Standard Time | UT -5 |
US Atlantic Standard Time | UT -4 |
GMT Greenwich Mean Time | UT |
CET Sentraleuropeisktid Norsk normaltid |
UT +1 |
Aust-europeisk tid | UT +2 |
Moskva-tid | UTC +3 |
India standardtid | UT +5:30 |
Vest Australia standardtid Hong Kong-tid Kinesisk standardtid |
UT +8 |
Japan/Korea standardtid | UT +9 |
Sentral-Australia standardtid |
UT +9:30 |
Aust-Australia standardtid |
UT +10 |
For meir, sjå tidssoner. |
UTC er ei kortform som står for Coordinated Universal Time og gjev grunnlag for å referere til sivil tid i alle land. Dei to første bokstavane står for universell tid (engelsk Universal Time), og den tredje bokstaven seier at det er koordinert tid (engelsk Coordinated).
På norsk skriv ein ofte universell tid UTC dersom ein ønskjer å presisere kva som meinast med dei tre bokstavane UTC.
UTC gjev døgnet timar frå 00 til 23 og vert ofte nytta for å referere til tidssoner og gjev då avviket frå tida ved nullmeridianen. UTC er dermed etterfølgjaren til Greenwich middeltid (GMT, Greenwich Mean Time).
UTC vert rekna ut frå ein middelverdi basert på data frå fleire atomur rundt om i verda. I 2003 vart det nytta data frå 260 atomur. Inga av desse klokkene får ha ei tid med meir enn 30 milliarddels sekund feil per døgn. I Noreg er det Justervesenet som gjev måledata. Justervesenet si utgåve av UTC kallast formelt for UTC(JV).
Ei internasjonal avtale seier at UTC og tidsskalaen UT1 ikkje skal ha eit større avvik enn 0,9 sekund. Difor må UTC synkroniserast med UT1 jamleg. Dette vert gjort ved bruk av eit skotsekund. Perioden mellom to skotsekund er kring 3,5 år.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Universell tid UT1 - ein annan tidsskala som byggjer på jordrotasjonen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- UTC-tid nett no ved worldtimeserver.com