Big Bang
Utsjånad
The Big Bang eller det store smellet er ein vitskapleg teori om skapinga av Universet.
Observasjonar av den stadige ekspanjonen til universet, leiar til ein teori om at universet ein gong har vore samla i eitt punkt mindre enn eit atom (ein singularitet). I dette punktet fanst alt i universet i form av energi. Augneblinken der dette byrja å ekspandera i ufatteleg fart, vert kalla det store smellet (the Big Bang). Etter ei relativ kort tid, vart materie (elementærpartikkelar, kvarkar) og tilsvarande antimaterie danna utav energien.
For dei fleste vert Big Bang rekna som universets fødsel, og tankar om noko før vert utan meining. Kvantefysikarar har kome med fleire teoriar i dei seinare åra som peikar på ei tid òg føre Big Bang[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Glimpse of Time Before Big Bang Possible av Charles Q. Choi, Space.com. Publisert 1. juli 2007
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Solsystemet om fødselen av solsystemet vårt