grønlandsk
Faktaboks
- Også kjend som
-
kalaallisut
- Språkkodar
- kl, kal (KL, KAL)
- ISO-639:3
- kal
Slektskap
Grønlandsk høyrer til den austlege greina (inuittisk) av eskimoisk. I lag med aleutisk utgjer eskimoisk den eskimoisk-aleutiske språkfamilien, som er utbreidd i arktiske strøk frå Grønland via Canada og Alaska til Tsjukotka autonome område lengst aust i Sibir i Russland.
Dialektar
Grønlandsk har tre hovuddialektar:
- nordgrønlandsk (inuktun) i Qaanaaq (Thule), med kring 800 talarar. Også kalla Thule-inuittisk og polar-eskimoisk.
- vestgrønlandsk (kalaallisut), frå Upernavik i nord til Uummannarsuaq (Kapp Farvel) i sør, med over 50 000 talarar.
- austgrønlandsk (tunumiisut), i Ammassalik-området, med kring 3000 talarar.
Det offisielle språket på Grønland er vestgrønlandsk (kalaallisut).
Dei tre hovuddialektane skil seg frå kvarandre i både fonologi, grammatikk og ordtilfang, og talarane av ulike hovuddialektar kan ha problem med å forstå kvarandre. Orda i tabellen nedanfor viser nokre skilnader mellom dei tre hovuddialektane:
norsk | nordgrønlandsk | vestgrønlandsk | austgrønlandsk |
---|---|---|---|
blod | auk | aak | aak |
auge | ihi | isi | ili |
kval | arvik | arfeq | arpiq |
reinsdyr | tuktu | tuttu | tuttu |
menneske | inuk | inuk | iik |
Nordgrønlandsk er mest konservativt og austgrønlandsk minst konservativt. Tabellen viser at eldre eskimoisk au og kt (som i orda for 'blod' og 'reinsdyr') står ved lag i nordgrønlandsk, mens vestgrønlandsk og austgrønlandsk har fått aa og tt. Det gamle inuk 'menneske' står ved lag i nordgrønlandsk og vestgrønlandsk, mens det har blitt til iik i austgrønlandsk.
Vestgrønlandsk kan delast i fire hovudvariantar:
- dialekten i Upernavik
- dialekten i Uummannaq og Qeqertarsuup tunua (dansk Diskobugten)
- dialekten i midtre Vest-Grønland, med byane Sisimiut, Nuuk og Maniitsoq
- dialekten i det sørlegaste Vest-Grønland
Det grønlandske skriftspråket byggjer på den vestgrønlandske dialekten i Nuuk-området.
Språkhistorie
Inuittisk-talande folk kom til Grønland på 1200-talet frå det noverande Canada. Dei kom først til området rundt det noverande Qaanaaq (Thule), 77° 28' nord, og spreidde seg sørover langs vestkysten og deretter nordover på austkysten. På vestkysten, ved noverande Nuuk og Qaqortoq (Julianehåb), kom dei i kontakt med den norrøne busetnaden, som forsvann mellom 1350 og 1500. Det finst truleg fleire norrøne lånord i grønlandsk, som sava 'sau' < norrønt sauðr og nisa 'nise' < norrønt hnísa.
Grønlandsk blei først teke i bruk som skriftspråk tidleg på 1700-talet, då misjonærar og kolonisatorar frå Danmark-Noreg kom til øya. Den første misjonæren var Hans Egede (1686–1758). Han kom til Grønland i 1721, med familien sin, mellom anna sonen Poul Egede (1708–1789), seinare biskop på Grønland, som spelte ei sentral rolle i den tidlege utviklinga av det grønlandske skriftspråket. Poul Egede var misjonær i Qasigiannguit (Christianshåb) ved Qeqertarsuup tunua (Diskobugten) 1736–1740, der han samarbeidde med den grønlandske kvinna Arnarsaaq (som levde frå kring 1715 til kring 1774) og den grønlandske mannen Hans Punngujooq; resultatet var den første grønlandske ordboka, Dictionarium grønlandico-danico-latinum (København 1750), den første grønlandske grammatikken, Grammatica grønlandica danico-latina (København 1760) og Det nye testamentet på grønlandsk, Testamente Nutak, eller, det Nye Testament. Oversat i det Grønlandske Sprog, med Forklaringer, Paralleler og udførlige Summarier (København 1766).
I 1733 kom også det også tyske herrnhutarmisjonærar til Grønland. På 1800-talet gjorde herrnhutarmisjonæren Samuel Kleinschmidt (1814–1886) ein sentral innsats for det grønlandske språket. Han var fødd i bygda Alluitsoq (Lichtenau), voks opp på Grønland og lærte både grønlandsk, dansk og tysk som barn. Han gav ut Grammatik der grönländischen Sprache(Berlin 1851) og Den Grønlandske Ordbog (København 1871). Rettskrivinga som Kleinschmidt brukte i desse bøkene, fungerte som offisiell grønlandsk rettskriving heilt til 1973. Han fullførte også omsetjinga av heile Bibelen til grønlandsk i 1893, eit arbeid far hans, Johann Konrad Kleinschmidt (1768–1832), hadde begynt.
Den første romanen på grønlandsk var Singnagtugaĸ 'Draumen' (København 1914) (Sinnattugaq i rettskrivinga av 1973) av den grønlandske presten og forfattaren Mathias Storch (1883–1957). I dag finst det ein omfattande litteratur på grønlandsk.
Sidan 1700-talet har grønlandsk lånt mange ord frå dansk, og dei eldste har tilpassa seg det grønlandsk lydsystemet, til dømes desse:
- palasi 'prest' frå dansk præst
- juulli 'jul' frå dansk jul
- kutaa! 'god dag', fra dansk goddag!
Nyare lånord er ofte mindre tilpassa, som desse:
- pølse 'pølse' — frå dansk pølse
- præsidenti 'president' — fra dansk præsident
- kammalaat 'kamerat' — fra dansk kammerat
Grønlandske lånord i norsk
Det finst nokre ord i norsk som er lånte frå grønlandsk, som desse:
- kajakk 'smal, lukka einmannsbåt padla med toblada åre', frå grønlandsk qajaq
- anorakk 'vindtett ytterjakke med hette', frå grønlandsk annoraaq
- nunatak 'fjelltopp som stikk opp av innlandsis eller bre', frå grønlandsk nunataq
- umiak 'inuittisk konebåt', frå grønlandsk umiaq
- inuitt 'person som høyrer til folkeslag frå Grønland, det arktiske Nord-Amerika og Sibir', frå grønlandsk inuit 'menneske (fleirtal)', som er fleirtal av inuk 'menneske (eintal)'
- kamikk 'selskinnsstøvlar som blei brukte av inuittar', frå grønlandsk kamik
- iglo 'rund hytte av snøblokker med kvelvt tak', frå grønlandsk igdlo, eldre skrivemåte (fram til 1973) for illu 'hus'
Grammatikk
Setninga
I grønlandsk er den vanlege leddstillinga i ei setning SOV, det vil seie subjekt + objekt + verbal, som i dette eksempelet, som tyder 'Katten drikk vatnet' eller 'Katten drakk vatnet':
subjekt | objekt | verb |
---|---|---|
Qitsuup | imeq | imerpaa. |
katt | vatn | drikk/drakk |
Grønlandsk har åtte kasus, og substantiva qitsuup og imeq i setninga over har forskjellige kasus. Qitsuup har kasusen ergativ (ofte kalt relativ i grønlandske grammatikkar) og imeq har kasusen absolutiv. Ergativ markerer subjekt til eit transitivt verb, mens absolutiv markerer eit direkte objekt eller subjektet til eit intransitivt verb. Absolutiv er grunnforma, den vi finn i ei ordbok. I neste setning, som tyder 'Katten ligg/låg på bakken', har subjektet kasusen absolutiv, sidan verbet er intransitivt:
subjekt | adverbial | verbal |
---|---|---|
Qitsuk | nunami | nalavoq. |
katt | på bakken | ligg/låg |
Nunami 'på bakken' er lokativ, som er uttrykt med suffikset -mi.
Det som vi uttrykkjer med det transitive verbet ha, uttrykkjer grønlandsk med suffikset -uteqar. Setninga nedanfor tyder 'Naja har/hadde ein katt', og her står subjekt Naja (eit personnamn) i absolutiv, fordi verbet er intransitivt:
subjekt | verbal |
---|---|
Naja | qitsuuteqarpoq. |
Naja | har/hadde ein katt |
Nomenfrasen
I ein grønlandsk nomenfrase står hovudet (eit substantiv) først, følgt at eitt eller fleire adledd, som i dette eksempelet, med qitsuk 'katt' og qernertoq 'svart'
- qitsuk qernertoq 'ein svart katt'
Grønlandsk har ikkje adjektiv, og qernertoq er partisipp (med suffikset -toq) av verbet qerner- 'vere svart'. Her er eit eksempel som tyder 'desse ti nye bøkene', med tre adledd:
- atuakkat nutaat qulit taakku 'desse (taakku) ti (qulit) nye (nutaat) bøkene (atuakkat)'
Verbet
Det grønlandske verbet har ei omfattande bøying i mellom anna person og tal, modus, tempus og aspekt, modalitet og evidensialitet. Verbet har suffiks som kongruerer med både subjektet og objektet, som i denne setninga, med tydinga 'Eg gir kjærleiken min frå meg til deg':
objekt | adverbial | adverbial | verbal |
---|---|---|---|
Asanninnera | uanniit | ilinnut | tunniuppara. |
kjærleiken min | frå meg | til deg | eg gir han |
Verbet tunniuppara 'eg gir han' har suffikset -para, som fortel at subjektet er i 1. person eintal og objektet (asanninnera kjærleiken min) i 3. person eintal.
Tempussystemet i grønlandsk er enkelt – ein skil mellom futurum (eventuelt irrealis, det som enno ikkje har skjedd) og ikkjefuturum (eventuelt realis, det som skjer eller har skjedd). Til dømes tyder naluppugut både 'vi svømde' og 'vi svømmer'. Alle eksempelsetningane tidlegare i artikkelen har eit verb i ikkje-futurum. Her er eit verb i futurum, med futurumsuffikset -ssaaq, og setninga tyder 'Dronninga skal sove i eit telt':
subjekt | adverbial | verbal |
---|---|---|
Dronningi | tupermi | sinissaaq |
dronning | i telt | skal sove |
Orddanning
Grønlandsk har eit svært rikt system for orddanning, så rikt at språket greier seg med mykje færre røter enn det som er vanleg i til dømes indoeuropeiske språk.
Som eit motstykke til det verbale futurumsuffikset -ssaaq finst eit futurumsuffiks -ssaq som kan leggjast til substantiv:
- illu 'hus' ⇨ illussaq 'framtidig hus'
- palasi 'prest' ⇨ palasissaq 'teologistudent', bokstavleg 'framtidig prest'
- viinni 'vin' ⇨ viinnissaq 'drue', bokstavleg 'framtidig vin'
Her er nokre døme på substantiv og verb som kan dannast ulike suffiks med utgangspunkt i substantivet aalisagaq 'fisk':
- aalisagaq 'fisk'
- aalisarpoq 'ho/han fiska/fiskar'
- aalisartoq 'ein fiskar'
- aalisarneq 'fisking, fiskeri'
- aalisariut 'fiskebåt'
- aalisarfik 'fiskestad'
- aalisaat 'fiskesnøre'
- aalisakkerivik 'fiskehus, fiskefabrikk'
Kommentarar (2)
skreiv Geir Skjevdal
Det som vi uttrykkjer med det transitive verbet ha, uttrykkjer grønlandsk med suffikset -uteqar. Setninga nedanfor tyder 'Naja har/hadde ein katt', og her står subjekt Naja (eit personnamn) i absolutiv, fordi verbet er intransitivt: Eg tykjer at det er rart at verbet å ha er intransitivt. Kan du vere så snill å forklare meg korleis dette er mogleg? Har det noko med suffikset -utegar å gjere?
svarte Rolf Theil
Det er ikkje suffikset -uteqar vi snakkar om, men ordet qitsuuteqarpoq 'har/hadde katt', som ikkje tek noko objekt. Substantivet qitsuk er inkorporert i verbet, og fungerer ikkje som objekt. Suffikset -uteqar blir brukt til å danne det intransitive verbet qitsuuteqar-. Er dette greitt å forstå?
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.