HERA
Utsjånad
Hadron Elektron Ring Anlage eller HERA er det største akseleratorkomplekset ved DESY i Hamburg i Tyskland. HERA vart operativ i 1932 og er den første og einaste lagringsringen der to typar partiklar kolliderer med kvarandre: proton og elektron eller desse sine antipartiklar. Anlegget består av to akseleratorringar som er 6,3 kilometer lange i omkrins. Den eine ringen akselererer elektron opp til 27,5 GeV, medan den andre akselererer proton opp i 920 GeV i motsett retning. Det er fire stader der strålane kryssar kvarandre og gjev kollisjonar.
HERA blei stengd 30. juni 2007.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «HERA». Store norske leksikon.
- ↑ Harris, David (September 2007). «The end of the HERA era». Symmetry Magazine 04 (07). Henta 10. november 2011.
- ↑ Warmbein, Barbara (21. august 2007). «End of an era: HERA Switches off». CERN Courier (47). Arkivert frå originalen 30. september 2011. Henta 10. november 2011.