Bison
Utsjånad
Bison | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Underfamilie: | Bovinae |
Slekt: | Bison H. Smith, 1827 |
Bison er ei partåa klauvdyrslekt i oksefamilien. Ho har to nolevande artar, amerikansk bison og europeisk bison (visent). I tillegg kjenner ein til 4 utdøydde artar.
Bison er store og kraftige dyr med kvelva panne. Dei har korte horn og ein svær framkropp. Dyra er dekte av eit raudbrunt, krusete og tett hårlag, med eit langt, hengande skjegg frå haka ned til frambeina.
Bison er det største nolevande landpattedyret i både Amerika og Europa. Dei er planteetarar og drøvtyggjarar som lever i flokkar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Bison», Store norske leksikon, 5. februar 2014
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bison» frå Wikipedia på bokmål, den 11. august 2016.