Xiangyang
Xiangyang (kinesisk: 襄樊; pinyin: Xiāngfán) er eit byprefektur nord i provinsen Hubei i det sentrale Kina, med grense mot provinsen Henan. Byprefekturet har eit areal på 19 700 km² og 5,5 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Xiangyang omfattar tre bydistrikt (区 qū), tre byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Næring
endreXiangyang har store vasskraftressursar. Mineralførekomstane omfattar rutil, ilmenitt, fosfor, baryt, kol, jarn, aluminium, gull, mangan, salpeter og bergsalt. Reservane av rutil og ilmenitt er mellom dei største i Kina. Tekstilproduksjon er hovudnæring i byen Xiangfan, andre store næringar er maskinproduksjon, kjemisk industri, elektronikk, samt framstilling av byggevarer. I byen Xiangfan har bilprodusenten Dongfeng sitt hovudsete.
Landbruk er ei viktig næring, der dyrking av korn, bomull, vekstar som gjev vegetabilske oljar, tobakk, te og frukt gjev dei største avlingane.
Samferdsle
endreKinas riksveg 207 går gjennom prefekturet, både gjennom dei tre byane i prefekturet og gjennom fylket Yicheng. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia, nær grensa mot Mongolia, leiar derifrå sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Xiangyang» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2012.