Fagkonsulent er eit omgrep som vart brukt i papirutgåva av Store norske leksikon. Det er ingen fagkonsulentar i Store norske leksikon i dag.
Fagkonsulentar vurderte det faglege innhaldet i papirutgåva av Store norske leksikon. Papirleksikonet hadde avgrensa plass. Difor stod artiklane utan forfattarsignatur dersom dei var kortare enn 50 linjer. Artiklane var gjennomgått av fagkonsulentar, som var fagpersonar på området.
For Foreninga Store norske leksikon er det eit mål at lesarane skal vite kven som står bak innhaldet vårt. Difor fortel vi kven som har vore fagkonsulentar dersom artiklane frå papirleksikonet ikkje hadde forfattarnamn.
Etter at snl.no i 2009 vart ei open og gratis nettside skjer alle endringar under fullt namn og i historikken til artiklane kan du sjå kven som har stått bak dei ulike redigeringane.